Netverket ytre søre sunnmøre er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunene Hareid, Vannylven, Ulstein, Ørsta, Volda, Herøy og Sande kommune i Møre og Romsdal.Felles for desse kommunene er at dei er relativt små (frå 2500 til 10400 innbyggarar). Til saman bur det om lag 46000 innbyggarar i desse kommunene.

Det har vore vanskeleg å rekrutere fagfolk til tenesta for personar med utviklingshemming. Det har vore særskilt vanskeleg å få tilsett vernepleiarar i desse kommunene. Nettverket ytre søre sunnmøre blei først starta på 90 talet men blei, av ulike årsaker, ikkje kontunitet i dette samarbeidet.
I 2005 hadde Helse sunnmøre, seksjon for habilitering eit samarbeidsprosjekt med Sande kommune og i avsluttinga av dette prosjektet fekk ein idèen til å starte opp nettverket igjen. Alle kommunene var positiv til dette og det blei sett ned ei styringsgruppe som består av kommunalleiar i Sande kommune, Bård Dalen (kontaktperson), representantar (leiarar) frå alle dei 7 kommunene samt 2 representantar frå habiliteringa ved Helse sunnmøre. På bildet ser vi representant Lars Inge Bjørneset fra Volda kommune og Eli Støylen Brandal fra habiliteringa ved Helse sunnmøre.
Antal møter varierar etter aktivitet i nettverket. Kontaktperson i styringsgruppa er ansvarlig for innkalling og referat. Styringsgruppa møtes og utvekslar erfaringar, planlegg aktivitet i nettverket, sett ned ei gruppe som skal ha ansvar for kursrekke og drøftar ulike utfordringar. Når det gjeld økonomi til å drifte dette nettverket har ein søkt fylkeskommuna om midlar og fått dette innvilga. Kommunene rullerar på å ha møtene i styringsgruppa.
Auke kompetanse og styrke tenestetilbodet
Målsetjing med dette samarbeidet er å etablere eit solid nettverk for erfaringsutveksling, auke kompetansen mellom dei som arbeider i desse einingane, særleg med tanke på nettverksbygging og nye tilbod. Etablere eit interkommunalt samarbeid om tilbod til personar med utviklingshemming for å styrke tenestetilbodet.
I 2007 starta nettverket opp med første kursrekke. Kursrekka hadde ingen utdanningskrav, var på 7 kursdagar og med vegleiing mellom kvar kursdag. Tema i 2007 var: 1. Psykisk utviklingshemming, 2. Helse - Ulike diagnoser, 3. Likemannsarbeid / erfaringar frå ein brukarorganisasjon, 4. Innføring i miljøarbeid, 5. Lov om sosiale tenester kap. 4A, 6. Aldring og demens hjå menneske med utviklingshemming, sorg og sorgarbeid
I 2008 blei det haldt eit todagars kurs i TMA (terapeutisk meistring av aggresjon) og eit kurs i aldring og demens hjå personar med utviklingshemming.
I 2009 blei det arrangert ei kursrekke på 3 kursdagar for personar med 3 årig høgskuleutdanning. Tema i 2009 var: 1. Miljøterapeuten si rolle, 2. Sjølvbestemmelse, 3. Motivasjon og arbeidsglede
I 2010 blei det haldt ei kursrekke på 4 dagar for alle som jobbar i tenesta for personar med utviklingshemming. Tema 2010 var:1. Lov om sosiale tenester kap. 4A, 2. Haldningar, etikk, brukarmedverknad, 3. Avtalestyring, 4. Sosiale historier.

Alle kursdagar vert arrangert på Kjelsund ungdomssenter i Herøy kommune. Dei fleste kommunene kjem seg hit innan ein halvtime medan Vannylven har litt lenger reisetid. Nettverket dekker kostnadene til leige av kurslokale og betaling til eksterne forelesarar. I desse kursrekkene har det vore nytta eksterne forelesarar frå ulike fagmiljø i landet, representantar frå fylkesmannen, representantar frå likemannsarbeid, representantar frå Høgskulen i Molde, habiliteringstenesta i Molde, i tillegg til fagpersonar i kommunene og Helse sunnmøre.
I 2007 tok nettverket initiativ til dialog med høgskulen i Molde for å sette i gang ei desentralisert deltidsstudium i vernepleie sør i fylket. Dette blei positivt mottatt og i 2008 starta dette opp i høgskulen i Volda. Ein er pr i dag i dialog for å vurdere å starte opp eit nytt kull i 2012.
Det har vore drøfta å arrangere ein brukarkonferanse men tidspunkt for dette er ikkje fastsett. Vidare har det vore drøfta ulike tiltak for nettverksbygging for personar med utviklingshemming i desse kommunene. Bård Dalen har i samarbeid med Hødd il (Ulstein) vore pådrivarar for oppstart av fotballaget Hødd United. Spelarane kjem frå fleire av desse kommunane.
Frå før eksisterar det møtepunkt for personar med utviklingshemming i desse kommunane som t.d. ein årleg idrettsdag (Monsiaden), fritidsklubb i Herøy kommune og kulturkveldar i Sande kommune.
For mer informasjon om netverket kontakt:
Baard.dalen@sande-mr.kommune.no
Eli.Brandal@helse-sunnmore.no
Teksten er skrevet av Eli S. Brandal