Samhandlingskonferansen 2018

Samhandlingskonferansen i år ber namnet «Samhandling i vekslingsfelta – heilskaplege og koordinterte helsetenester». Konferansen har som mål å bidra til god kultur for samhandling på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, gi kunnskap gjennom gode innlegg og drøftingar, synleggjere døme på innovative satsingar, god praksis og teknologiske mulegheiter; mellom anna.

Målgruppa for konferansen er politisk og administrativ leiing i kommunane, leiarar, helsepersonell og andre tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, leiing, helsepersonell og andre tilsette i spesialisthelsetenesta, brukarrepresentantar og andre interesserte.

Tema under konferansen:

Habilitering og rehabilitering på tvers av nivå og sektorar – Bente E. Moe, Helsedirektoratet

Samhandling mellom ideologi og sosiale hierarki – Rolf Horne

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering i Helse Vest – Merethe Boge, Helse Vest

Korleis jobbar vi med tilboda til menneske med samansette behov i Sogn og Fjordane? – Kristine Brix Longfellow, Helse Førde

Ei god rehabiliteringsteneste med framtidsretta løysingar – Kari Ingeborg Bukve, Luster kommune

Frå kaos til linjer – brukarrepresentant Sindre Roska

«Å bli gamal i eigen heim» - Heidi Munch Starheim, Eid kommune/Anne-Grethe Halding, HVL

Korleis lukkast vi med å få alvorleg psykisk sjuke ut i jobb – individuell jobbstøtte – Karen Skretting Hovlid, jobbstøtte i Sogn

Pakkeforløp psykisk helse og rus – Helsedirektoratet

Kortreist co-produksjon – brukermedvirkningens potensial – Tone Larsen/Benjamin G. Rouen, HVL

«Eg vil gå sjølv, men gå med meg» – brukarrepresentant Dorte Gytri

Kva veit vi om behova til pårørande til eldre heimebuande med psykiske lidingar? – Hanne Marie Heggdal, HVL

«Leve hele livet» - Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen

«Motarbeidaren» Halvor Haukerud

Samhandlingskonferansen er årets store møtepunkt for denne omfattande gruppa. Her møtast leiarar, brukarar, fagfolk og kollegaer på tvers av kommunegrenser og sektorar. Konferansen er eit årleg fellesarrangement mellom dei fleste samfunnsaktørane i fylket knytt til helseområdet: Helse Førde, KS Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, brukarutvalet i fylket og Høgskulen på Vestlandet.

Tid: 14.-15.mars

Sted: Thon Hotel Jølster, Skei

Informasjon om påmelding og program finner du her