Hopp til hovedinnhold
Hjem
Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming

Søkeskjema

  • Om utviklingshemming
  • Kunnskapsbanken
  • Om NAKU
  • Aktuelt
  • Kontakt
  • Logg inn

UTLYSING av 3 nye stillingar ved NAKU

24. november 2009 - Nyheter

NAKU er på initiativ frå Helsedirektoratet etablert som ei sjølvstendig eining ved Avdeling for helse og sosialfag, Høgskolen i Sør-Trøndelag. NAKU skal medverke til utvikling av det faglege grunnlaget for å skape gode levekår for personar med utviklingshemming. Kompetansemiljøet skal være ein tverrfagleg brubyggjar mellom forsking, utdanning, helse- og sosialtenestene og andre tenester i kommunane og i helseføretaka som arbeider med personar med utviklingshemming.

Det vert nå lyst ut 3 faste 100 % stillingar ved NAKU:

Rådgjevar/seniorrådgjevar - Hovudarbeidsområde er knytt til innhenting og utvikling av kompetanse i samspel med kommunane.

Rådgjevar/seniorrådgjevar - Hovudarbeidsområde er knytt til å formidla kompetanse til tilsette i norske kommunar.

Seniorrådgjevar/førsteamanuensis - Hovudarbeidsområde er knytt til å formidla anerkjent kompetanse om tenesteytinga. Ei av oppgåvene er å byggja opp eit aktivt nettverk med forskarar, samt fagpersonar som driv med utviklingsarbeid.

Søkjarar bør ha utdanning på minimum mastergradsnivå. Særskilt relevant praksis/erfaring kan veie opp for dette kravet. Til den eine stillinga søkjer vi helst etter ein person med doktorgrad innan eit av dei sentrale forskingsområda for den aktuelle tenesteytinga.

Vi ber om at søknad og CV vert sendt elektronisk via jobbnorge.

Her finn du fullstendig utlysing og kontaktinformasjon, samt elektronisk søknadsskjema som skal nyttast.

Søknadsfrist er 31. desember 2009

Del artikkelen:

Nyhetsbrev

Mai 2020

Webinar #2 Inclusive Supported Employment

Abonner på vårt nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Meld deg opp for NAKUs nyhetsbrev og motta nyheter, nye publikasjoner og annet spennende stoff rett i innboksen din.

Les siste nyhetsbrev

NAKU

Nasjonalt kompetansemiljø om

utviklingshemming

Olav Kyrres gate 9,

7491 Trondheim Se kart

Telefon: 73 55 93 10

kontakt@naku.no

Følg oss på Facebook

English info

Personvern

Cookies

 

Ansvarlig redaktør:

Karl Elling Ellingsen

Redaktør:

Kim Berge

 

NAKU ligger adminstrativt under NTNU

og er finansiert via Helsedirektoratet.

© 2021 NAKU