Eg og mine psykiske vanskar i tillegg til å ha ein utviklingshemning, kva opplevast som problematisk for meg?
Anne J Økland: Eg har til del store lese og skrivevanskar, noko som gir meg mange vanskar i kvardagen. Heilt på slutten av tenåra fekk eg veta at eg var såkalla utviklingshemma. At eg hadde mange problem før den tid er ikkje å ta for hardt i og seia. Barne- og ungdomsskulen var vanskeleg med alle dei faga eg skulle gjennom. Det gav seg utslag i mange påfunn for å sleppe unna rekning, lesing og skriving. Samtidig var eg då meir eit barn og levde litt på det
Det som har gjort djupast inntrykk på meg var då det vart sagt til meg at eg var utviklingshemma. Tidlegare kalla de det lærevanskar. Det førte vel til at eg for første gong gjekk inn i ein depresjon. Eg såg det som årsak til mine psykiske opp- og nedturar. Nedturane blei meir framtredande med sin intensitet og hyppigheit. Det tok mange år før eg fekk hjelp til å handtere vanskane på dette område.
Tidlegare hadde eg veldig få å snakke med når eg hadde det vondt inne i meg. På skulen blei eg ofte gåande åleine da eg ikkje alltid fekk vera med i leiken, sjølv om det var sakt at eg skulle få vera med. Dei andre hoppa strikk, slo ball og hadde det skøy. Eg gjømte meg ofte vekk, eller forsøkte og øydeleggja for dei andre. Eg opplevde også at eg på ein tidlegare arbeidsplass, fekk forklaring som «tussebyger» på min oppførsel, som skyldtes at eg ikkje hadde det godt inne i meg.
Eg har i arbeidslivet ved fleire anledningar og ulike stader blitt eit slags offer for andre som skulle trena og få arbeidspraksis. Enten det var skuleelevar i praksis eller andre som vart sendt til arbeidstrening der eg var. Som oftast fekk eg forklart at mine arbeidsoppgåver passa så fint for dei som no kom inn, at eg enten måtte dela på dei, eller berre gå heim og ta fri. Det føltes ikkje godt, da det var få oppgåver eg hadde i utgangspunktet. Ein føler seg i alle fall ikkje verdsett på lik linje med andre tilsette.
Når eg har det som vanskelegast vil eg vera åleine og forsøker så godt eg kan å halda meg unna all kontakt med andre. Er eg ute og går, skiftar eg side for å unngå kjente. På butikken stiller eg meg bak reolar for at andre ikkje skal kunne sjå meg, eller snakka til meg. Eg slår av telefonen og held meg innandørs. Likeins blir eg meir høgrøsta, oppfarande, utolmodig og til tider irritabel og sint.
Men eg har starta med å arbeide hardare og meir bevisst for psykiske oppturar. Eg trur eg med handa på hjertet kan seia at eg no får god hjelp. Hjelpa starta så smått opp for ni år sida, og hjelpa har sidan den gongen berre blitt betre. No føler eg meg trygg i dei fleste situasjonar. Det skyldas mye at eg har en kjensle av at eg no blir sett som den person eg er. I løpet av dei fem siste år har eg engasjert meg mye innafor arbeid omkring rettigheiter og organisasjonsliv innafor NFU. Det er eit arbeid eg likar godt.
Helseoppfølging av personer med utviklingshemming
Mange personer med utviklingshemming går med helseplager som ikke blir oppdaget og derfor ikke behandlet. Ved å gjennomføre opplæringen vil du få økt kunnskap og oppmerksomhet om disse forholdene.

Opprett egen bruker
Med egen bruker kan du lagre artikler, lage leselister, sette opp veilednings- og opplæringsmapper som du kan dele med andre på «min side».