Sosial ferdighetstrening i skolen med ViMo
ViMo er et digitalt verktøy som er beregnet for bruk i skolesituasjon og er et verktøy lærere, spesialpedagoger, assistenter og helsesykepleiere kan benytte seg av for sosial ferdighetstrening [...]
Her finner du artikler, filmer, lenkesamlinger og annet innhold knyttet til tjenester for personer med utviklingshemming.
Geir Brekke (Hareid kommune) har gitt ut diktsamlinga, Dikt i utval, i samarbeid med broren sin. Vi møter her Geir på vaksenopplæringa saman med læraren hans Roger Wagland. Det var her karriera som poet starta for nokre år sidan.
Det heile byrja med ei kort forteljing som heimelekse. Saman med læraren Roger starta dei å ta ut essensen frå forteljinga, og slik blei det eit fint dikt. I ettertid har det blitt mange dikt. Geir fortel at han brukar fantasien når han skriv dikt og hentar inspirasjon til skrivinga frå forskjellige tema som sommar, jul og vinter, men òg andre tema som t.d.romantikk. Til dagleg jobbar Geir på Coop Prix 3 dagar i veka og er 2 dagar i veka på dagsenteret Sanzibar. Elles er han ein mann med mange interesser som fotball og anna type sport, musikk, dans og ikkje minst å vere saman med kjæresten som bur i Volda. Han likar og å framføre dikta sine og har fått fleire anledningar til det siste åra. Geir gleder seg til juleavslutning på ressurssenteret då han og Roger Wagland skal opptre for over 100 personar. Geir les dikt medan Roger spelar keybord som stemningsmusikk til diktframføringa. Når eg spør Geir om kva framtidsdraumar han har, så berre smilar han lurt, men Roger fortel at dei har hatt nokre tankar om å lage ein cd der Geir framfører dikt med stemningsmusikk i bakgrunnen. Men dette er foreløpig berre på tankestadiet. Geir vil i alle fall forsette med å skrive dikt og kanskje han gir ut ei ny bok med dikta sine. Før eg reiser vidare får eg gleda av å høyre Geir lese dikt medan Roger set musikk til det. Her er nokre dikt henta frå diktboka til Geir.
IDRETTSDAGEN
Idrett gjer oss glade
Spesielt når kjærleik kjem springande
Konkurranse om kven som er best, skuffelse…når ein blir slått ut
Dame-dommaren….elegant med ein raud tulipan
Gullhelten…elegant med sin mannlege stemme byr han henne til rockedans
Dommaren blir heilt vill
Når gullhelten fridde til henne denne kvelden
Ein fin, raud tulipan og ein lykkeleg kveld
Hugs, det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta
STJERNEHIMMEL
Mørke natt, Stjerneklart
Tropenatt
30 varmegrader
Romantisk tur
Pen jente
Gullklumpen min
Godteri og pikekyss
Ei familie
Ein draum
Boka til Geir Brekke kan bestillast ved å trykke her.
Med egen bruker kan du lagre artikler, lage leselister, sette opp veilednings- og opplæringsmapper som du kan dele med andre på «min side».