E-læring om likestilling, inkludering og mangfold
Bufdir, i samarbeid med KS, har utviklet e-læringskurs om likestilling, inkludering og mangfold.
Her finner du artikler, filmer, lenkesamlinger og annet innhold knyttet til tjenester for personer med utviklingshemming.
Menneske med funksjonsnedsetting har venta lenge på sin eigen FN-konvensjon, der det vert slått grundig fast at dei har same rettar som alle andre. Dei fleste land i verda har ratifisert konvensjonen.
NAKU gjør oppmerksom på at denne artikkelen først ble publisert i magasinet UTVIKLING i 2013. Dette gjør at deler av den nå er utdatert. Blant annet har Norge ratifisert konvensjonen. Vi har latt den stå da den inneholder flere interessante og aktuelle perspektiv. For en oppdatert gjennomgang av CRPD, anbefaler vi Kjersti Skarstad sin artikkel i Kunnskapsbanken.
I perioden 2002 til 2006 forhandla ein ad hoc-komité fram menneskerettskonvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) deltok i forhandlingane i New York i heile perioden.
− Det var krevjande forhandlingar på mange punkt, fordi situasjonen for funksjonshemma er svært ulik frå land til land, seier Liv Arum, generalsekretær i FFO. Ein vart til slutt samde om viktige prinsipp, men utfordringane var store når ein kom til detaljar innanfor kvar enkelt artikkel. Då var det vanskeleg å finne formuleringar alle kunne einast om.
Menneskerettar i praksis
Kvifor treng vi eigentleg ein slik konvensjon, som faktisk berre stadfestar at menneske med funksjonsnedsetting har dei same rettane som alle andre? Menneskerettane gjeld for alle, og det slår verdserklæringa og dei to hovudkonvensjonane om sivile og politiske, og økonomisk, sosiale og kulturelle rettar fast.
− Likevel er det naudsynt å ha eigne konvensjonar for spesielt sårbare grupper og sikre dei eit særleg rettsvern, meiner Kjersti Skarstad, vitskapleg assistent ved Norsk senter for menneskerettigheter (SMR). Ho forskar på rettane til menneske med funksjonsnedsetting og er mellom annan med på eit bokprosjekt om dette, leia av Harvard University, som skal vere ferdig i 2014.
− Ein har eigne konvensjonar for til dømes kvinner og barn, og no også for menneske med funksjonshemmingar, som har eit anna utgangspunkt enn andre, og konvensjonen sørgjer for at like rettar likevel vert sikra, understrekar ho. Konvensjonen stadfestar også korleis ein skal forstå funksjonshemming og korleis ein skal sikre like rettar i praksis.
− Ein konvensjon aukar også merksemda kring rettane til funksjonshemma, seier Skarstad.
Sist, men best?
Føremålet med konvensjonen er «å fremje, verne om og sikre menneske med nedsett funksjonsevne full og likeverdig rett til å nyte alle menneskerettar og grunnleggande fridomar, og å fremme respekten for deira ibuande verdigheit.»
FNs generalforsamling vedtok konvensjonen 13. desember 2006. Noreg underteikna konvensjonen i mars 2007. I mai 2012 hadde 153 statar underteikna konvensjonen, og den er ratifisert av 112 statar. Sverige ratifiserte konvensjonen i desember 2008 og Danmark i juli 2009. I Finland og Island, som begge har underteikna konvensjonen, er det naudsynt med visse lovendringar før ratifikasjon kan skje.
Den norske regjeringa har lagt opp til å ratifisere konvensjonen sommaren 2013, samstundes som ny verjemålslov tek til å gjelde. I mai 2012 la regjeringa fram ein stortingsproposisjon som konkluderer med at norsk lovgjeving i stor grad oppfyller krava i konvensjonen.
Ratifiseringsproposisjonen var til handsaming i Stortinget 19. mars.
− Det har teke tid fordi vi vil gjere ein skikkeleg jobb, seier Inge Ovesen, som har vore involvert i prosessen med ratifiseringa. Han er avdelingsdirektør i Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet.
Betre seint enn symbolsk
− Det var litt spesielt då konvensjonen kom og vart signert. Ein del land, med store utfordringar på feltet, ratifiserte raskt. Ein kan spørje seg om konvensjonen var tent med det. Noreg var tidleg ute med å signere, men ratifiseringa har teke tid fordi lovverket må vere i samsvar med forpliktingane i konvensjonen først, seier han.
Regjeringa meinte at verjemålsloven var i strid med konvensjonens artikkel 12 om rettsleg handleevne, og ynskja ikkje å ratifisere konvensjonen før norsk rett var i samsvar med konvensjonen. FFO har vore usamd i denne rekkefølgja.
− Det er ingenting i vegen for at arbeidet med gjennomføring av ein ny lov kan starte etter ei ratifisering, meiner Liv Arum, men legg til at det kanskje er bra at ein prøver å få eit samsvar i staden for å ratifisere for symbolikkens skuld, slik mange andre land har gjort.
Også Skarstad forstår at styresmaktene tykkjer det er naudsynt å endre vergjemålsloven samstundes, og det tek tid. Men i tillegg er det også en gjengs oppfatning i interesseorganisasjonane om ein annan årsak; temaet vert ikkje prioritert høgt nok. Det er altså to årsaker til at det har gått seks år.
− Men det er veldig positivt at Noreg no høgst sannsynleg skal ratifisere konvensjonen, seier ho.
Lovfesta rettar, ikkje velgjerdsarbeid
Sjølv om konvensjonen ikkje gjev nye rettar, gjev den eit tydeleg signal om at menneske med nedsett funksjonsevne har dei same rettane som alle andre, og at dette er noko statane som har ratifisert har ein plikt til å sikre. Difor gjev den også klare føringar for politikkutforming og tenesteutvikling.
− Historisk har funksjonshemmingar vorte sett på som noko som måtte behandlast og løysast av medisinsk personell, fokuset var på funksjonshemminga og ikkje personen som hadde den, seier Kjersti Skarstad.
− Å hjelpe funksjonshemma vart sett på som ei velgjerning. Konvensjonen markerer eit radikalt skilje bort frå den medisinske modellen til ein sosial menneskerettsmodell. Den fortel også klart om dei barrierane som hindrar menneske med nedsett funksjonsevne i å delta i samfunnet på lik line med alle andre.
Det viktigaste med konvensjonen er at den slår fast at menneske med nedsett funksjonsevne har dei same rettane som alle andre, og at staten har plikt til å arbeide for dette. Det er ikkje nok at regelverket er det same for alle. For å sikre reell likskap må ein legge til rette for likestilling i praksis.
Verjemål
Alle borgarar i eit land har både rettar og pliktar, mellom anna kan alle inngå rettslege avtalar, eventuelt med støtte og bistand frå andre. Alternativet har tidlegare vore er umyndiggjering. I den nye lova kan ein i staden bli teken i frå rettsleg handleevne på enkelte område.
− Den gjeldande verjemålsloven opna ikkje opp for fleksible og individuelle løysningar, men gav berre eit val mellom full rettsleg handleevne og full umyndiggjøring, fortel Inge Ovesen. Ein ny verjemålslov, som er i samsvar med konvensjonen, er vedteken og tek til å gjelde frå 1. juli 2013.
Når regjeringa ratifiserer konvensjonen vil ho samstundes gje ei erklæring om at konvensjonen ikkje har forbod mot å frata rettsleg handleevne. Liv Arum i FFO er samd i dette, men meiner at ei slik fråtaking av rettsleg handleevne må praktiserast så snevert som mogleg.
Like rettar, ulike pliktar
− Konvensjonen byggjer på eksisterande sivile, politiske og sosio-økonomiske rettar. Det er enkelt å gje alle ytringsfridom, men ikkje like enkelt å gje alle moglegheit til utdanning og arbeid, seier Liv Arum. Konvensjonen opnar for at statar progressivt kan oppfylle sosio-økonomiske rettar, som jo er avhengig av ressursar. Eit fattig, afrikansk land kan ikkje ha den same plikta til å gje alle rett til gode helsetenester som eit rikt, vestlig land som Noreg. Altså; rettane er like, same kor i verda ein bur, men plikta til å gjennomføre rettane varierer med omsyn til utviklingsnivå og ressursar i kvart enkelt land.
− Likeverd og eit ikkje-diskrimineringsprinsipp i gjennomføring av menneskerettane kjem fram i dei fleste menneskerettskonvensjonar. Det betyr at alle konvensjonar gjeld også for menneske med nedsett funksjonsevne, men har sjeldan vorte nytta på den måten. Difor har det vore eit stort behov for eit bindande dokument som samlar, identifiserer og tydeliggjer menneskerettane for funksjonshemma, seier Arum.
Fattig og funksjonshemma
Kjersti Skarstad nemner eit anna viktig poeng; dersom Noreg ikkje skal bryte konvensjonen, må styresmaktene endre bistandspolitikken. Artikkel 32 slår nemleg fast at land skal samarbeide om å betre tilhøva for menneske med funksjonshemming mellom anna gjennom å inkludere rettane deira i utviklings- og bistandsprosjekt.
− Norsk bistandspraksis er i dag ekskluderande. Berre kring 1,2 prosent av bistandsmidla var sett av til arbeid for rettane til funksjonshemma i 2010. Det syner at funksjonshemma i utviklingsland ikkje vert prioritert, og at deira grunnleggjande mennesrettar vert neglisjerte. Denne praksisen må endrast, seier Skarstad.
Inge Ovesen meiner at Noreg i fleire år har sett fokus på menneske med nedsett funksjonsevne i utviklingsland. Utanriksdepartementet har jamleg kontakt med Atlas-alliansen, ei stifting av organisasjonar av funksjonshemma, pasientar og pårørande i Noreg, og som sida 1981 har vore involvert i internasjonalt bistandsarbeid. Alliansen jobbar mellom anna for betre levekår for funksjonshemma i Sør.
− Men vi får kritikk for at vi ikkje integrerer desse perspektiva godt nok i det samla bistandsarbeidet. Dette gjeld både kvinner, personar med nedsett funksjonsevne og seksuell orientering. Det er prosessar på gang for å finne ut korleis ein meir systematisk kan ta vare på desse gruppene, seier Ovesen.
Mangelfull kunnskap
Det har dessverre vore alt for lite fokus på menneskerettane til funksjonshemma. Noko av årsaken er kanskje at det medisinske synet på funksjonshemming lenge var dominerande.
− Konvensjonen slår fast at funksjonshemming ikkje i første rekke er eit medisinsk problem for den enkelte. Funksjonshemma opplever vanskar og vert til ein viss grad også funksjonshemma fordi samfunnet er innretta på ein diskriminerande måte, meiner Kjersti Skarstad. Menneske med nedsett funksjonsevne har eit anna utgangspunkt enn andre og nokre gonger må tilrettelegging til for å oppnå rettane deira. Det fordrar kunnskap hos folk som jobbar med menneskerettar om korleis ein kan sørgje for denne tilrettelegginga. Ofte er det også snakk om haldningsendringar.
Institusjonar som til dagleg jobbar med menneskerettar kan dessverre ikkje mykje om rettane til personar med utviklingshemming. Skarstad meiner at det er stor mangel på kunnskap om rettane til funksjonshemma.
− Dei var heller ikkje pensum då eg tok ein master i menneskerettar i åra 2010 - 2012. Men i fjor vart dei heldigvis inkludert i pensum, fortel ho.
Prestisje og rapportering
Konvensjonen er også en nyvinning i og med at den er den første av menneskerettskonvensjonane som stiller konkrete krav til internasjonalt samarbeid.
Den tydeliggjer og konkretiserer korleis ein skal forstå og gjennomføre menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne.
− Ratifisering av konvensjonen gjer at vi jamleg må rapportere om status og at Overvakingskomiteen i FN sjekkar om vi gjer jobben. Det vil nok sette press på oss, seier Ovesen. Han er trygg på at betre dokumentasjon og rapportering også vil gjere oss betre i stand til å følgje opp forpliktingane i konvensjonen.
− Vi vil gjere det vi maktar for å forbetre dokumentasjonsarbeidet. Det vil også gje oss betre kunnskap om kva som verkar og kva som ikkje verkar, trur han.
Professor Karl Elling Ellingsen er leiar i NAKU, og spent på korleis konvensjonen vert teken i bruk.
− Dette vert jo ei forsterking av dei internasjonale pliktene vi allereie har teke på oss. Eg vonar den vil vere retningsgjevande for standardar og normer, ikkje berre blant dei som arbeider med menneska, men også hos alle i forvaltninga. Det er lett å tenkje at vi er rikast og best i verda og at det er i andre land problema ligg. Så held vi berre fram som før. Her er rapporteringa viktig, og den gjev også klagerett dersom det skjer misleghald, seier han.
Noreg må rapportere til FN to år etter ratifikasjonen og så kvart fjerde år. Komiteen for rettane til funksjonshemma går gjennom statsrapportane, supplerande rapportar og skuggerapportar, som vert skrivne av friviljuge organisasjonar og som skal utfylle rapporten frå styresmaktene. Komiteen lagar seg så eit bilete av om og korleis Noreg etterlever konvensjonen. Komiteen gjev råd som ikkje er juridisk, men politisk og moralsk bindande.
− Noreg frontar eit image som det beste landet i verda å bu i, der alle får menneskerettane sine oppfylt. Dersom komiteen kritiserer Noreg, tapar regjeringa andlet og truverd i internasjonal politikk, seier Liv Arum i FFO. Kjerti Skarstad ved SMR er samd.
− Ein konvensjon gjer det lettare for interessegrupper å mobilisere, og vanskelegere for statar å bryte rettane, iallfall utan å få negativ omtale, seier ho.
Blande, ikkje gruppere
Ellingsen meiner Noreg har svikta på nokre felt, til dømes når det gjeld retten til eigen bustad.
− Det er viktig at dei rike landa, som har kome langt i å innfri rettane til menneske med funksjonshemmingar, tek ansvar for å vise vegen vidare. Noreg har hatt høge ambisjonar som har vore vanskelege innfri.
− No er vi i ferd med å gå attende til institusjonar, trass i at internasjonal forsking viser at dei som bur i eigen bustad i større grad deltek i arbeidslivet. Eg har og ein mistanke om at det er lettare å avslå kravet om personleg assistent frå nokon som lever i bufellesskap eller på institusjon enn ein som bur i eige husvære.
Det vert snakka mykje om og for menneske med fysisk funksjonshemming, til dømes om tilgjenge for rullestolbrukarar. Det er mindre snakk om menneske med utviklingshemning, på eit vis kjem dei nedst på rangstigen. Dei har ikkje så mange talspersonar.
Marte Wexelsen Goksøyr (30) er heldig. Ho har ein heim, er styremedlem i Norsk nettverk for Downs Syndrom, og er ei klar røyst i alt medieskvalderet. I tillegg er ho skodespelar, forfattar og føredragshaldar, og har motteke fleire prisar, mellom anna Bjørnson-prisen.
− Eg vil ha eit mangfaldig samfunn, der alle er med. Då må vi blandast, ikkje grupperast. Vi må oppleve kvarandre, seier ho. «En får væra som en er», syng Ole Ivars. Det burde vere nasjonalsongen i Noreg, tykkjer Goksøyr.
Retten til arbeid
Menneske med kognitive funksjonsnedsettingar klarer ikkje alltid å formulere og uttrykke krava slik at dei blir høyrt. Dei med fysiske funksjonsnedsettingar er derimot godt rusta for å spreie bodskapen sin. Dei opplever også ofte ein vanskeleg kvardag, men dei når iallfall fram.
− Eg trur folk flest har fleire fordommar mot dei ein ikkje kan identifisere seg med, dei ein ikkje forstår, enn mot ein som til dømes sit i rullestol. Alle kan jo hamne der, seier Ellingsen.
Ikkje alle er like taleføre og sjølvmedvitne om rettane sine som Marte Wexelsen Goksøyr. Mange er avhengig av eit hjelpeapparat, eit helsesystem og einskildmenneske som ikkje alltid tenkjer menneskerettar.
− Det er veldig viktig at Noreg no skal ratifisere FN-konvensjonen som slår fast at menneske med funksjonshemming skal ha same rettar som alle andre, meiner ho.
− Det er jo ein sjølvfølgje. Men at dette kjem betyr jo at det ikkje er like rettar no, elles hadde ein ikkje hatt bruk for ein konvensjon, slår ho fast. Dette veit ho mykje om.
− Eg ynskjer at menneske med det ein kallar ei utviklingshemning skal ha ei ordentleg løn for det arbeidet dei utfører. Noko anna er diskriminerande, og misbruk av arbeidskrafta til folk. Det er viktig at Noreg skal rapportere til FN om kva som vert gjort for likestilling for funksjonshemma i landet. Trur ho at konvensjonen vert følgd opp?
− Eg er ikkje inne i hovudet til dei folka, så eg er ikkje sikker. Men det er viktig at dei får kjeft dersom det ikkje skjer. Ein må halde det ein lover, seier Goksøyr.
Med egen bruker kan du lagre artikler, lage leselister, sette opp veilednings- og opplæringsmapper som du kan dele med andre på «min side».