Regler i arbeidslivet - lettlest utgave
Arbeidslivet er preget av en rekke regler og retningslinjer som skal sikre trygge og rettferdige forhold for alle arbeidstakere. Enten det gjelder ferie, fravær, egenmeldingsordninger eller [...]
Her finner du artikler, filmer, lenkesamlinger og annet innhold knyttet til tjenester for personer med utviklingshemming.
Heilt ute i havgapet i Gjerdsvik i Sande kommune ligg Bøen Gard. Her bur Trond Hide saman med familia si. Han har bygd opp garden etter grøn omsorg prinsippet. Fleire av dei omkringliggande kommunene nyttar seg av tilbodet på garden som arbeid og dagtilbod. I denne artikkelen kan du lese kva dei tilbyr.
Bøen Gard tilbyr arbeid på dagtid og avlastingstilbod 3 helgar i månaden. Det er i hovudsak vaksne personar som arbeider her men enkelte elevar er her som eit utvida skuletilbod. Trond Hide har tidlegare hatt arbeid i fleire av kommunene som nyttar seg av dette tilbodet. Han er utdanna sosionom og har m.a. jobba som miljøterapeut i Ulstein kommune, vore dagleg leiar på eit dagsenter i same kommune og vore prosjektleiar i Helse Sunnmøre, seksjon for habilitering. Trond fortel at fleire av dei som jobbar på garden har hatt vanskar med å finne seg til rette på andre arbeidsstadar men at her på Bøen Gard trives dei. Trond legg vekt på eit mangfaldig arbeidstilbod. Berre det å vere ute i denne vakre naturen med nærleik til fjell, skog og sjø er ein trivselsfaktor i seg sjølv Arbeidsoppgavene på Bøen Gard består m.a. av stell og fòring av dyra som er sauer og høner samt geiter på sommartid. Dei sager og kløyver ved, gjer oppdrag for ein lokal kafe, leverer egg. Når veret tillet det kan dei ta båten ut på sjøen for å fiske til eigenproduksjon. Fleire av oppgavene er sesongbetonte som å dyrke grønnsaker i drivhus. Denne hausten har dei laga fårerullar som heng til tørk saman med fåreribbe, spekekjøt og mòr dei skal ha til årets julebord.
Ansvar og trivsel. Geir Roger Tjervåg frå Herøy kommune er ein av dei som jobbar på garden. Han seier han ikkje kan tenke seg betre arbeidsplass og viser fram garden medan han fortel om dei ulike arbeidsoppgavene. Kvart år har dei eit eller fleire flaskelam som betyr ekstra ansvar, men det er berre kjekt. Geir Roger seier han likar alle dei ulike oppgavene dei har på garden men å drive med ved er ein av oppgavene han likar best. Dei merkar godt at denne og forrige vinter har vore ekstra kald for no er dei nesten tom for ved. Nokre gongar køyrer dei ved til kundar og då hender det dei vert inviterte inn på ein kopp kaffi. Sist sommar var Geir Roger vakt då dei arrangerte festival, Hidsfestival, oppe på fjellet i nærleiken.
I tillegg til mange ulike arbeidsoppgaver er eit godt arbeidsmiljø viktig. Geir Roger fortel at dei som jobbar her trivast godt saman. Dette er ikkje vanskeleg å legge merke til på pauseromet der diskusjonen går livlig med mykje spøk og latter. Ein annan av trivselsfaktorane på Bøen Gard er at her er alle likestilte. Dei er ein gjeng med gode arbeidskameratar som utfører eit verdifullt arbeid i vakre omgivelsar.
Med egen bruker kan du lagre artikler, lage leselister, sette opp veilednings- og opplæringsmapper som du kan dele med andre på «min side».